onsdag 28. januar 2009

Plastinnsamlingar på Malmheim i 2009

Viking 4-H skal arrangerer 3 plastinnsamlingar i 2009.

Datoer: 21.februar, 20.juni og 31. oktober.

Stad: Julebygda Grendehus

Tid: 10:00 - 13:00.

Meir info om krav til levering finn du her:
http://sandnesbondelagarkiv.blogspot.com/

mandag 19. januar 2009

Jordbruket i Sandnes

Generelt
Sandnes er blant dei største landbrukskommunane i Rogaland. Dei naturgjevne vilkåra for landbruk er varierande, og svært gode for store deler av kommunen. Etter norske forhold er jordsmonnet og verlaget svært godt for landbruket. Vekstsesongen er lang med nok varme og nedbør.

Det er i overkant av 950 landbrukseigedomar i kommunen. Om lag 350 av desse har eiga drift, dvs av eit slikt omfang at eitt eller fleire foretak på eigedomen mottek produksjonstilskot. Dei fleste av desse driftseiningane er på 100 - 300 dekar. Jordbruksarealet i drift er på rundt 76.000 dekar som utgjer ca 25 % av kommunen sitt landareal. Av jordbruksarealet er om lag 72000 dekar areal til slått og beite, 3000 dekar korn, 800 dekar til grønsaker og poteter, og 200 dekar til frukt og bær.

Statistikk av tal for Sandnes i % av Rogaland:

Dyr:
Mjølkekyr 9,4 %
Andre storfè 8,8 %
Avlspurker 5,5 %
Slaktegris * 6,2 %
Vinterfôra sau 6,4 %
Pelsdyr -mink * 18,1 %
Verpehøns 4,5 %

Økologisk:
Mjølkekyr 26,5 %
Andre Storfê 22,5 %

Areal:
Grovfôr 7,6 %
Korn 8,9 %
Potet 6,2 %

Tal er henta frå søknad om produksjonstilskott pr. 31.07.2008.
*Tal dyr pr. 01.01.2008.

Om landbruket i Sandnes:

Statistisk sentralbyrå

Statens landbruksforvaltning

søndag 18. januar 2009

Om Sandnes Bondelag

Høyland Bondelag vart stifta 21.01.1891. I 2006 vart navnet endra frå Høyland Bondelag til Sandnes Bondelag. Pr. 31.12.2008 har Sandnes Bondelag 464 medlemmer og er det nest største lokallet i Rogaland og eit av dei største lokallaga i Norges Bondelag.

Norges Bondelag er den største fagorganisasjonen for bønder i Norge, og har som mål å "samle alle som er, eller kjenner seg knyta til bondeyrket, fremme felles saker, trygge landbruket og ivareta bygdenes økonomiske, sosiale og kulturelle interesser." Me forhandler kvar år med Staten om bondens inntektsmoglegheiter. Bondelaget mottek ikkje statsstøtte, og er økonomisk og politisk uavhengig.

Norges Bondelag arbeidar for å betre vilkåra for landbruket og synliggjere landbrukets betydning for samfunnet. Bondelaget er partipolitisk uavhengig og den leiande organisasjonen for næringspolitikk og service i landbruket. Med 62.000 medlemmer, om lag 580 lokallag, 18 fylkeslag, gode politiske kontakter og høy fagleg kompetanse er me ein sterk organisasjon.

62.000 medlemmer i Norges Bondelag gir gode mangfoldige matopplevelser, skaper grobunn for levedyktige lokalsamfunn, gjer landet vakkert og fornyer verdiskapninga på gården.

torsdag 15. januar 2009

DAGSTUR MED BUSS 10. FEBRUAR

Årets dagstur er i samarbeid med Fjøssystemer AS på Nærbø, med 2 gardsbesøk for å sjå på nye driftsbygningar til mjølkekyr med spesielt fokus på kalvestell. Turen vert arrangert av Riska og Sandnes Bondelag.

Program:
· 09:30 Avreise frå Fatland, Hommersåk
· 10:00 Avreise frå MEGA, Brueland
· 10:30-11:00 Pressentasjon av Fjøssystemer.
· 11:00-11:30 Lunsj
· 11:30-12:45 Omvisning hjå Kurt Hobberstad
· 13:30-15:00 Gardsbesøk hjå GTI Samdrift DA v/ Tor Gunnar Østebø
· Ca kl 15:45 Tilbake på Fatland, Hommersåk

Pris kr 200,- inkl. buss og lunsj.

Påmelding innan 4. februar til : Morten Malmin tlf 916 38 719
eller
Sigmund Svendsen tlf 991 54 012

VELKOMMEN

Gjødslingsseminar

Mandag 2. februar kl 10:00-14:30 vert det arrangert seminar om gjødsling på Undheim Samfunnshus. Seminaret er åpent for alle.

Program:
10:00 Velkommen v/Olav Husveg
10:05 Miljøvennleg gjødselspreiingsprosjekt v/ Olaf Gjedrem
10:15 Situasjonen for mineralgjødsel, typer, tilgang og pris v/ Jens Randby, FK
10:45 Rett gjødsling v/ Rangvald Gramstad, Forsøksringen
11:30 Matøkt - Kjøttkaker og sviskegrøt
12:30 Eiga eller leiga gjødselutstyr v/Martin Svebestad, Klepp gardsrekneskapslag
13:00 Husdyrgjødsel, transport og økonomi v/ Jan Karsten Henriksen, Agder Forsøksring
13:20 Erfaringer ved leigekjøring spreiing av husdyrgjødsel v/Jakob Eskeland
13:45 Leigekjøring i kontainer og slangespreiing v/Torstein Sele og Jakob Eskeland. Info
om pris og tilbod til komande vekstsesong.
14:00 Samtale og oppsummering

Arrangør:
Forsøksringen på Jæren
Aksjon Jærvassdrag

søndag 11. januar 2009

Invitasjon til deltaking i studiering - Landbrukspolitikk

Sandnes Bondelag arrangerer studiering i landbrukspolitikk. Alle i styret deltek, og det er ledige plasser dersom andre ønskjer å delta. Studieringen vert gjennomført på 3 kvelder .

Formålet med studieringen er auka kunnskap om samanhengane i landbrukspolitikken, jordbruksforhanlingane og WTO-forhandlingane. Det vil også verta arbeida med ein uttale som skal sendast til Rogaland Bondelag framfor årets jordbruksforhandlingar.

Tidspunkt vert: 14, 20 og 27 januar.

Dersom du er interessert kan du ta kontakt med Morten Malmin på tlf 916 38 719

torsdag 1. januar 2009

Avfall i landbruket : Kor kan me levera ?

Dei fleste har vel ein avfallsplan, men her er eindel tips.

Me har fått god hjelp av Martin M. Haarr - mange kjenner han som KSL-revisor, men han har og vore engasjert i ulike prosjekt innan dette med avfallsproblematikk i landbruket.

Me har og fått veiledande prisar frå eit par av mottaka.

Dessverre tillet ikkje teknikken her å gjengi det så fint og ordentlig, me gjer så godt me kan.

  • Plastfolie / landbruksplast : 4H-innsamlingar (gratis + går til ein god sak ), Westco på Bærheim (gratis) ( OBS: Reint og sortert ! )
  • Dekk: Leverandør (gratis)
  • EE-avfall, el-verktøy, lysrøyr ++: Leverandør (gratis)
  • Traktorbatteri : Leverandør (gratis )
  • Plastkanner med pant : Leverandør (gratis, - du får til og med panten tilbake.. )
  • Plastkanner uten pant : Westco på Bærheim (kr. 250,- +mva pr.tonn )
  • Kanner for plantevernmiddel, vaska : Westco på Bærheim (kr. 250,- + mva pr. tonn )
  • Jern / metall : Westco på Bærheim (gratis, foreløpig )
  • Olje frå traktor/landbruk : Leverandør (gratis) eller Henriksen Oljetransport, Kalhammaren (gratis, men OBS : kun spillolje av smøreoljer, må ikkje vera iblanda f.eks. diesel - då blir det ei avgift på det )
  • Oljefilter : Leverandør (gratis) eller Henriksen Oljetransport, Kalhammaren (kr. 17,- +mva pr kg )
  • Organisk avfall frå eigen gard : Deponer på eigen gard - du er sjøl leverandør. Men bruk fornuft. Husk fare for avrenning og visuell forsøpling. Og pirkete dåsemiklar.
  • Medisin / sprøytespissar o.l. :Medisin til apotek (gratis), gjerne via dyrlegen. Sprøytespissar og skalpellblad jobbar me med å finna opplegget for.
  • Plantevernmiddel : Henriksen Oljetransport, Kalhammaren ( Normalt kr. 30,- +mva pr. kg. Kvikksølvholdige middel (sjelden) kr. 550,- + mva pr.kg )
  • Malingsrestar : Henriksen Oljetransport, Kalhammaren (kr. 6,50 +mva pr kg )
  • Daude dyr : Norsk Protein, Grødaland henter desse (gratis)

Det som står som gratis er for ein stor del finansiert av miljøgebyr når produkta blir kjøpt. Apropos det, så anbefaler Martin Haarr at ein får entreprenørar som pakkar plastballar til å enten spesifisera vederlagsgebyret eller skriva på fakturaen at det er inkludert.

Sjekk prisar og vilkår med mottaka før du leverer, dette er veiledande og kan endrast. Me kan ikkje ta ansvar for mulige feil.

Har du tips om bedre alternativ : Gje oss beskjed, så legg me det ut her !
Eventuelt legg inn kommentar til dette innlegget..

Linkar :

Henriksen Oljetransport
Westco Miljø
Norsk Protein

søndag 21. desember 2008

Reaksjon på brosjyren "Vis Trafikkvett på traktoren"

Sandnes Bondelag reagerer sterkt på brosjyren ”Vis trafikkvett på traktoren” der Norges Bondelag også er ein av deltakarane bak kampanjen.

Den største reaksjonen kjem frå setninga: ” For landbruksmaskin – d.v.s. traktor med utstyr, skurtresker eller andre landbruksmaskiner – med bredde mellom 2,55 m og 3,50 m kan en kjøre langs offentlig vei over kortere veistrekning som ledd i vanlig bruk av maskiner. Det gjelder frå tun til teig, eller teig til teig, i praksis maks 5 km.”

Sandnes Bondelag er positiv til kampanjen Vis trafikkvett på Traktoren der målet er forebygging av uheld på veg der traktor er involvert. Men på grunn av nemnde avgrensing som er med i brosjyren meiner me at, dette er svært uheldig for landbruket.

Denne formuleringa vil i praksis føre til strengare handheving av gjeldande forskrift om bruk av kjøretøy på offentleg veg, og me er heller ikkje kjent med at EU land praktiserer ein så sterk avgrensing av landbruksmaskinar langs offentleg veg. Me er også kjent med at lokale trafikkstasjonar til Statens vegvesen allereie har hatt møter, der handheving av ”holdningane” (5 m avstanden) frå denne kampanjen er diskutert.

Over fleire år har staten vore ein pådrivar for å få eit meir rasjonelt landbruk i Norge med færre og større driftseiningar og reduserte kostnader. Mange har allereie tilpassa seg avstandsgrensa mellom deltakarar i samdrift, som er sett til 17 km. Større bruk med auka avstand mellom areala og reduserte kostnader, krev større og effektive landbruksmaskinar, og meir spesialiserte maskinstasjonar (leigd hjelp), som er avhengig av å kunne flytte landbruksmaskinar over eit større område.

Eit anna moment er miljøtilpassinga i landbruket, med offentlege tilskott til dyrt utstyr til nedmolding av husdyrgjødsel, der det vert nødvendig at fleire går saman om slikt utstyr, der det òg vert lang transportavstand.

Auka bruk av maskinstasjonar som spesialiserer seg på plantevern gir også nøyaktig og sikker bruk av plantevernmiddel.

Alt dette er ei utvikling Statens vegvesen òg må akseptera!

mandag 15. desember 2008

Bondevorspiel lørdag 21. februar

Sett av kvelden allerede nå, folkens. Skaff avløysar og barnevakt og hundepassar og bli med på vorspiel på Bøndenes Hus lørdag 21. februar 2009. Dette er vorspielet for alle med tilknytning til landbruksmiljøet.
Ikkje - medlemmer er også hjertelig velkomne !
Klokkeslett blir frå etter fjostid til litt før midnatt - me stikker ut på byen etterpå.
Nærmare info legges ut seinare.

søndag 16. november 2008

Invitasjon til deltaking i forskningsprosjekt

Universitetet for Miljø- og Biovitenskap (UMB) og Aker universitetsykehus har starta forskningsprosjektet " Grønn omsorg: Effekter av dyr på gårdsbruk i en terapautisk prosess for mennesker med psykiske lidelser."

Bønder i Sandnes vert invitert til å delta i prosjektet. Forskningsprosjektet er allerede delvis gjennomført og det gjenstår nå to omganger, vår og haust 2009.

Beskriving: I kvar omgang på 12 veker vil det kome ein eller to deltakarar på garden, som skal vere med på eit vanleg ettermiddagsstell i fjoset to dagar i veka (mandag til torsdag). Utover arbeidet med å rettleie deltakarane under fjosstellet er det kun eit spørreskjema om garden (dyretal, storleik, o.s.v.) som skal fylles ut på førehand, loggføring av oppmøte i fjoset, samt ei evaluering i etterkant.

Godtgjering for at deltakaren er på garden er sett til kr 200,- pr. time for to deltakarar (d.v.s. kr 600 pr. ettermiddag). Alle deltakarane vil vere voksne menneske som ønsker eit slik tiltak, og som vil ha utbytte og glede av å vere med. Deltakarane er rekruttert av prosjektet via helsevesen eller NAV. UMB vil tegne ulykkeforsikring for alle deltakarane, som gjeld under arbeidet på garden.

Dette er eit spanande prosjekt, som er positivit for landbruket. For meir informasjon kan dykk ta kontakt med: morten_malmin@hotmail.com eller tlf 916 38 719.

Første mann til mølla!

mandag 3. november 2008

Staten forskjellsbehandler samdrifter!

Hvorfor skal ikke to bønder som tidligere har tatt oppfordring fra Staten om å rasjonalisere og gå i samdrift, få de samme mulighetene som en enkeltbonde? Med dagens regelverk kan en enkeltbonde leie ekstra kvote (mulighet for å produsere mer melk), mens en samdrift som har samme kvote som enkeltpersonen ikke får leie mer kvote. For få år siden gav Staten økt driftstilskudd for de som gikk sammen i samdrift, for å øke rasjonaliseringen i landbruket, mens nå blir de samme personene straffet med at de ikke kan øke produksjonen mer. Dette mener Sandnes Bondelag er urimelig forskjellsbehandling fra statens side, og krever at dette må endres.

Vasspest

Sandnes Bondelag observerer og får tilbakemeldinger på at det er stor spredningen av vasspest den senere tiden. Vi ser på dette som alvorlig og svært betenkelig, at dette aggressive ugresset sprer seg så fort.

Sandnes Bondelag har sendt brev til Sandnes kommune, og ønsker mer informasjon om tiltaksplan og fremdrift, i arbeidet med å utrydde vasspesten.

søndag 2. november 2008

Styret i Sandnes Bondelag 2008/2009

Leiar: Morten Malmin - 91638719- morten_malmin@hotmail.com
Nestleiar: Sindre Årsvoll - 90598783 - aarsvoll@online.no
Kasserar: Sven Martin Håland-90972569- svenmh@frisurf.no
Sekretær: Lodve Haaland-40869075- lohaa@online.no
Skulekontakt: Gunn M.S. Svihus-92081411- gunn.svihus@tele2.no
Blogg og LHMS-kontakt:Leiv Velle Åreskjold-90948002- leiv.velle.areskjold@hotmail.com
1. vara: Andreas Viste-90782622- avist@online.no

Repr til Fjellbygda Bygdekvinnelag: Leiv Velle Åreskjold
Repr til Sandnes Bygdekvinnelag: Gunn M.S. Svihus
Repr Bygdeungdomslaget: Sven Martin Håland
Repr Julebygda Grendehus: Karl Egeland

mandag 13. oktober 2008

Plastinnsamling på Sviland lørdag 18. oktober

Fjellbygdå 4H tilbyr mulighet for å levere landbruksplast til gjenvinning.
Innleveringen vil foregå ved Sviland samfunnshus 18. oktober fra kl. 10.00 til 13.00.
Alle som leverer landbruksplast vil få kvittering.

De som ikke følger kravene til leveranser av landbruksplast vil bli avvist.
Det vil bli servert kaffe og kaker.

Gjennomsiktige sekker til å ha rundballenett i kan fås hos
Lars Terje Fjelde i Noredalen
Leiv Velle Åreskjold i Søredalen

Kravene til leveranser av landbruksplast finner du på arkivbloggen vår :
http://www.sandnesbondelagarkiv.blogspot.com/

søndag 5. oktober 2008

Invitasjon til å vere med i prosjektet "Folkefjøset på jæren"

Folkefjøset på Jæren er eit prosjekt som har til formål å bidra til fornying og modernisering av driftsbygningar for mjølkeproduksjon til akseptable kostnader. Prosjektet skal fokusere på rimelege bygningstekniske løysingar som bønder flest har råd til å bygge.

Her kan du lese meir om prosjektet:
rogaland.lfr.no/Docs/00003089.html

Invitasjon til haustmøte i Rogaland Landbruksselskap

Tysdag 4. november 2008 skal Rogaland Landbruksselskap arrangere haustmøte på First Hotel Alstor kl 10:00 - 15:30.

Program:

  • Utviklingsmoglegheiter og utsikter for norsk landbruk i ei
    verd med nye økonomiske premissar for matproduksjon
    v/ Departementsråd Per Harald Grue - LMD.
  • Utdeling Rogaland Landbruksselskap sin heiderspris 2008.
  • Agrovisjon si framtid og organisering .

På grunn av bestilling av lunsj vert det behov for påmelding innan 24. oktober 2008
på Fylkesmannen sin nettstad: www.Fylkesmannen.no/Rogaland - sjå under
Arrangement
Kontaktpersonar: Yvonne van Bentum 51568984 eller Bente E. Halvorsen 51568996

— Fri entre —

torsdag 25. september 2008

Årsmøte i Sandnes Bondelag onsdag 22. oktober

Det vert Årsmøte i Sandnes Bondelag på Bøndenes Hus onsdag 22. oktober kl 19:30.

Arna Høyland kjem frå Rogaland Bondelag, og det vert servering.

Årsmeldingen kan du lese her:
http://sandnesbondelagarkiv.blogspot.com/

Vel møtt!

torsdag 18. september 2008

Kurs for unge/nye bønder

Rogaland Bondelag arrangerer kurs for unge/nye bønder på Gjesdal Gjestegiveri fredag 17. - søndag 19. oktober.

Programmet inneheld m.a. gardsbesøk, landbrukspolitikk v/Bjarne Undeheim, eierskifte i landbruket v/ advokat Jan Bangen, pressentasjonar frå bankar og samvirkebedriftene, innlegg om økonomi på garden, HMS, guida busstur, mykje god mat, underhaldning o.s.v.

Pris for heile kurset med alt:
kr 1.000,- for overnatting i enkeltrom
kr 1.500,- for par i dobbeltrom

Påmelding innan 1. oktober til Rogaland Bondelag:
Tlf: 51887270
olav.sande@bondelaget.no

søndag 7. september 2008

Las du leiaren i Bondevennen nr. 36 ? Me arrangerer HMS-kurs ! .............. ... AVLYST P.G.A. FOR FÅ PÅMELDTE


Få skikk på HMS-en på garden. Sandnes Bondelag i samarbeid med Landbrukets HMS-tjeneste arrangerer kurs i praktisk HMS-arbeid.

Kursstart blir onsdag 15. oktober kl. 11.00 til 14.00 på Bøndenes Hus, Sandnes.

Kurset består av tre deler :

1. del er 3 timar med lærer, om motivasjon, holdninger, grunnleggande HMS og råd om e-læring.
2. del er egenstudie på internett, berekna til 6 timar, med tester.
3. del er 3 timar i gruppe med lærer, med gardsvandring, drøfting av løysingar, systemforståelse og organisering.

Prisen for kurset er kr. 1000,- for medlemmer i Landbrukets HMS-tjeneste og kr. 1500,- for andre.
Alle er hjertelig velkomne !

Link til meir informasjon : http://www.lhms.no/test.asp?UID=644&nLid=1&CID=644 .
Står beskrivelse under "kurs på nivå 1 ". Bl.a. med ein liten demo av kurset.

Påmelding til Leiv Velle Åreskjold, leiv.velle.areskjold@hotmail.com eller 909 48 002, ønskes innen 3.oktober.

torsdag 28. august 2008

Vorspielet for unge : Ny dato 11. oktober !

Vorspielet for unge i landbruket som me planla til 20. september på Bøndenes Hus er flytta til lørdag 11. oktober. Dette på grunn av dobbelbooking av lokalet. Sjå tidlegare innlegg lengre nede på sida.