søndag 16. november 2008

Invitasjon til deltaking i forskningsprosjekt

Universitetet for Miljø- og Biovitenskap (UMB) og Aker universitetsykehus har starta forskningsprosjektet " Grønn omsorg: Effekter av dyr på gårdsbruk i en terapautisk prosess for mennesker med psykiske lidelser."

Bønder i Sandnes vert invitert til å delta i prosjektet. Forskningsprosjektet er allerede delvis gjennomført og det gjenstår nå to omganger, vår og haust 2009.

Beskriving: I kvar omgang på 12 veker vil det kome ein eller to deltakarar på garden, som skal vere med på eit vanleg ettermiddagsstell i fjoset to dagar i veka (mandag til torsdag). Utover arbeidet med å rettleie deltakarane under fjosstellet er det kun eit spørreskjema om garden (dyretal, storleik, o.s.v.) som skal fylles ut på førehand, loggføring av oppmøte i fjoset, samt ei evaluering i etterkant.

Godtgjering for at deltakaren er på garden er sett til kr 200,- pr. time for to deltakarar (d.v.s. kr 600 pr. ettermiddag). Alle deltakarane vil vere voksne menneske som ønsker eit slik tiltak, og som vil ha utbytte og glede av å vere med. Deltakarane er rekruttert av prosjektet via helsevesen eller NAV. UMB vil tegne ulykkeforsikring for alle deltakarane, som gjeld under arbeidet på garden.

Dette er eit spanande prosjekt, som er positivit for landbruket. For meir informasjon kan dykk ta kontakt med: morten_malmin@hotmail.com eller tlf 916 38 719.

Første mann til mølla!

Ingen kommentarer: