søndag 20. januar 2008

Høgare utlånsrenter til landbrukslån

Sandnes Bondelag er kjent med at Sparebank1 SR-Bank vil heve den generelle utlånsrenta til landbrukslån med 0,6 %, medan bustadlån vert justert opp med 0,4 %.

Tidlegare har renteutviklinga av den generelle utlånsrenta på landbrukslån følgt bustadlån. Sparebank1 SR-Bank har gått høgt ut på banen med at dei er ein bank som satsar på landbruket, og at landbruket historisk sett har vore den kundegruppa som har påført banken minst risiko og tap. Det vil vere eit svært dårlig signal frå banken, dersom dei nå ønskjer å heve utlånsrenta til landbruk meir enn for bustadlån, med tanke på at mange bustadlån vert belånt opp til 100 % av verdi, i eit bustadmarknad der det ikkje vert forventa noko særleg prisauke den første tida. Eit anna moment er at landbruket utgjer ein stor del av kundegruppa til SR-Bank, som det bør vera interessant å behalda.

Sandnes Bondelag har teke kontakt med Rogaland Bondelag, og håper på at fylkeslaget kan ta kontakt med banken for å få ei nærare forklaring på denne endringa, samt å signalisere at dette betyr mykje for landbruket.

fredag 18. januar 2008

SMIL midler til attstøyping av gjødselporter

Dei lokale retningslinjene/strategien for bruk av SMIL (Spesielle Miljøtiltak I Lanbruket) mider skal nå fornyast. I samband med dette er Sandnes Bondelag med å uttaler seg til bruk av SMIL-mider i Sandnes kommune. Strategien skal opp til politisk behandling i landbruksnemnda i februar.

Fylkesmannen i Rogaland har skrive brev til kommunane der dei skriv at dei ikkje ønskjer at SMIL-mider skal nyttast til attstøyping av gjødselporter, ut frå at dei meiner dette ligg utanfor regelverket. Sandnes Bondelag har med bakgrunn i dette sett nærare på denne saka, og kjem fram til at dette ligg innanfor regelverket, og at det er god bruk av desse midlene. Også Aksjon Jærvassdrag og prosjektet Frivillige tiltak i landbruket, samt administrasjonen i fleire kommunar har signalisert at dette tiltaket kan gi stor miljøvinst, der eigenandelen frå landbruket er stor. Sandnes Bondelag sende denne saka vidare til Rogaland Bondelag, som også har teke tak i saka og sendt brev til Fylkesmanne, med oppfordring om å vurdera denne saka på ny.

Her er uttalen som ligg på nettsida til Rogaland Bondelag:
http://www.bondelaget.no/rogaland/nyheter/dbafile103974.html

fredag 11. januar 2008

Plastinnsamling på Sviland

4H tar mot landbruksplast på Sviland lørdag 15. mars 2008 kl. 10-14 ( OBS dette er den nye datoen )
Me får detaljer seinare, foreløpig ser det ut til eit opplegg der ein i tillegg til å levera plast kan få seg ein kopp kaffi og sosialt drøs med gode kolleger.
Altså : Klokkeslett og nøyaktig kor blir lagt ut her når me får beskjed om det.