onsdag 21. juli 2010

Helgetur med buss 3.-5. september AVLYST!

Årets tur går via Sørlandet og østover til Larvik og tilbake mot indre Agder.

Meir informasjon om turen og muligher for påmelding kan du finne her

TUREN ER AVLYST PÅ GRUNN AV FOR FÅ PÅMELDTE.

Ytring frå bondelaga på Jæren

Bondelaga på Jæren hadde eit ekstra styremøte den 29.06.2010, der det vart skrive eit brev til styret i Rogaland bondelag.

Bondelaga på Jæren er missfornøgd med årets jordbruksoppgjer og reagerer kraftig både på vedtatt omfordeling av tilskott, samt forslag frå Rogaland bondelag om deling av Rogaland i to mjølkesoner. Bondelaga på Jæren er forundra over den saksbehandling ei slik viktig og prinsipiell sak har fått i Rogaland bondelag, der lokallag ikkje er blitt involvert i ein høringsrunde. På den andre sida vil Bondelaga på Jæren også signalisere at det var veldig viktig og positivt at % toll på mjølk vart forhandla fram i vedtatt jordbruksavtale.

Heile brevet kan du lese her

mandag 12. juli 2010

AGROVISJON 2010 - 22.-24. oktober

Sett av helga 22-24 oktober for faglig og sosial oppdatering!

Heile det aktive landbruksmiljøet i Rogaland står bak arrangementet. Og det blir lagt vekt på at både utstilling og konferanse skal halda eit nivå som vi kan vera stolte av. Det vil også leggjast til rette for at dei som er til stades både fredag og laurdag kan få ein koseleg avslutning på dagen i godt selskap.

Fredagen er avsett til landbrukspolitisk konferanse, med eit spanande program som du kan lese her

Meir om Agrovisjon finn du på linken: Agrovisjon 2010