torsdag 24. desember 2009
God Jul og godt nytt år
Sandnes Bondelag vil ønskje alle ei fredeleg julehelg og eit godt nytt år.
Etiketter:
Info frå Sandnes Bondelag
fredag 18. desember 2009
Uttale - høring - forslag til vernehjemmel i jordloven
Sandnes bondelag har sendt denne uttale til Landbruks- og matdepartementet.
Uttale - Høring - forslag til vernehjemmel i jordloven
- Sandnes bondelag støtter forslaget om å innføre hjemmel i jordloven for varig vern av matjord.
- Ny plandel av plan- og bygningslov og jordloven er viktige verktøy for å sikre matjord mot nedbygging. Sandnes bondelag mener utarbeiding og oppfølging av regionale og kommunale arealplaner fortsatt blir viktigste redskap for å sikre nasjonale mål om fremtidig matproduksjon i samfunnsplanleggingen.
- Sandnes bondelag understreker at dyrket og dyrkbar jord trenger et styrket vern.
- Sandnes bondelag foreslår at det åpnes for mulighet til lokal forvaltning av søknader og om fritak fra forbudet i § 14, 1. ledd, for tiltak som etter § 9 i jordloven normalt ikkje krever dispensasjon for omdisponering (driftsbygninger, våningshus, driftsveier og lignende).
- Bygg til landbruksformål må gi rom for en tidsmessig og dynamisk utvikling av gardsdriften. Nye landbruksbygg må være i tråd med en fremtidsrettet bebyggelsesplan for gården, og nye veier må gå inn i en transportplan for gården.
Etiketter:
Info frå Sandnes Bondelag
Årsmøte i bondelaga på Jæren
Torsdag 17. desember vart det avholdt årmøte for bondelaga på Jæren. Møte fant stad på Jæren Hotell på Bryne.
Her kan du finne referat etter årsmøte.
Her kan du finne referat etter årsmøte.
Etiketter:
Info frå Sandnes Bondelag
onsdag 16. desember 2009
Støtte til jordvernutvalg
Rogaland bondelag har gjort vedtak om å gi kr 20.000,- i støtte til arbeidet med jordvern i Sandnes. Det er også sendt vidare ein søknad til Norges Bondelag.
Det er spesielt jordvernutvalget i Sandnes Bondelag v/Paul Kyllingstad og Per Dyvik, som har gjort mykje godt arbeid i denne saka.
Sandnes Bondelag takker for støtta, og lover å halde fram med arbeidet for jordvern.
Det er spesielt jordvernutvalget i Sandnes Bondelag v/Paul Kyllingstad og Per Dyvik, som har gjort mykje godt arbeid i denne saka.
Sandnes Bondelag takker for støtta, og lover å halde fram med arbeidet for jordvern.
Etiketter:
Info frå Sandnes Bondelag
torsdag 10. desember 2009
Om jordvern, frå Rogaland Bondelag sine nettsider:
Me klipper ut og limer inn heile saken frå Rogaland Bondelag sine sider:
Aktivt engasjement på jordvern i Rogaland
Jordvernsaka står fortsatt sentralt i Rogaland. Måndag 7. desember deltok Ole N. Skuldberg frå Norges Bondelag på orienterings- og synfaringssamling her i fylket for å setja seg inn i situasjonen på Nord-Jæren. Målet er og å trekkja Norges Bondelag sterkare med i jordvernsakene her i fylket. Initiativet til opplegget var Jordvernutvalet til Rogaland Bondelag.
Dagen starta med orientering og synfaring på Nærbø der leiar i det lokale jordvernutvalet Roy Engelsvoll orienterte om situasjonen og planane frå enkelte politikarar for framtidig utbygging rundt Nærbø sentrum. Vert dei mest omfattande planane realiserte vil det gå med mykje god matjord aust for dagens sentrum
Situasjonen rundt Sandnes med særleg vekt på planane ang. bybanetrasse aust for Sandnes, var det andre målet for opplegget. Her slutta ein seg på ei orientering og synfaring representantar frå fylkeslandbruksstyret hadde organisert. Av Sandnes kommune fekk ein først ei god innføring i kommunen sin Masterplan der dei har vist korleis dei vil løysa oppgåva med å styre framtidig utbygging i retning aust for Sandnes. Etter denne planen vil mykje av jorda på Vatne verta bygd ned før ein får utbygginga inn i området lenger aust der det er brei enighet om er dei rette områda for utbygging framover. Det er nedbygginga av Vatne-jorda Jordvernutvalet til Sandnes Bondelag ved Paul Kyllingstad i spissen har reagert sterkt på. Med ein annan trase for bybanen enn hovudforslaget i Masterplanen, viste Paul Kyllingstad at ein kunne spara opp mot 1400 dekar dyrka jord.
Masterplanen til Sandnes Kommune er lagt ut på høyring med frist til 1. februar 2010 og Sandnes Bondelag v/jordvernutvalet vil følgja utviklinga og ikkje minst sjå situasjonen ann etter at Fylkeslandbruksstyret har kome med sine merknadar til planen i sitt siste møte 17. desember.
Av: Svein Helge Harbo

Abonner på:
Innlegg (Atom)