onsdag 28. januar 2009

Plastinnsamlingar på Malmheim i 2009

Viking 4-H skal arrangerer 3 plastinnsamlingar i 2009.

Datoer: 21.februar, 20.juni og 31. oktober.

Stad: Julebygda Grendehus

Tid: 10:00 - 13:00.

Meir info om krav til levering finn du her:
http://sandnesbondelagarkiv.blogspot.com/

mandag 19. januar 2009

Jordbruket i Sandnes

Generelt
Sandnes er blant dei største landbrukskommunane i Rogaland. Dei naturgjevne vilkåra for landbruk er varierande, og svært gode for store deler av kommunen. Etter norske forhold er jordsmonnet og verlaget svært godt for landbruket. Vekstsesongen er lang med nok varme og nedbør.

Det er i overkant av 950 landbrukseigedomar i kommunen. Om lag 350 av desse har eiga drift, dvs av eit slikt omfang at eitt eller fleire foretak på eigedomen mottek produksjonstilskot. Dei fleste av desse driftseiningane er på 100 - 300 dekar. Jordbruksarealet i drift er på rundt 76.000 dekar som utgjer ca 25 % av kommunen sitt landareal. Av jordbruksarealet er om lag 72000 dekar areal til slått og beite, 3000 dekar korn, 800 dekar til grønsaker og poteter, og 200 dekar til frukt og bær.

Statistikk av tal for Sandnes i % av Rogaland:

Dyr:
Mjølkekyr 9,4 %
Andre storfè 8,8 %
Avlspurker 5,5 %
Slaktegris * 6,2 %
Vinterfôra sau 6,4 %
Pelsdyr -mink * 18,1 %
Verpehøns 4,5 %

Økologisk:
Mjølkekyr 26,5 %
Andre Storfê 22,5 %

Areal:
Grovfôr 7,6 %
Korn 8,9 %
Potet 6,2 %

Tal er henta frå søknad om produksjonstilskott pr. 31.07.2008.
*Tal dyr pr. 01.01.2008.

Om landbruket i Sandnes:

Statistisk sentralbyrå

Statens landbruksforvaltning

søndag 18. januar 2009

Om Sandnes Bondelag

Høyland Bondelag vart stifta 21.01.1891. I 2006 vart navnet endra frå Høyland Bondelag til Sandnes Bondelag. Pr. 31.12.2008 har Sandnes Bondelag 464 medlemmer og er det nest største lokallet i Rogaland og eit av dei største lokallaga i Norges Bondelag.

Norges Bondelag er den største fagorganisasjonen for bønder i Norge, og har som mål å "samle alle som er, eller kjenner seg knyta til bondeyrket, fremme felles saker, trygge landbruket og ivareta bygdenes økonomiske, sosiale og kulturelle interesser." Me forhandler kvar år med Staten om bondens inntektsmoglegheiter. Bondelaget mottek ikkje statsstøtte, og er økonomisk og politisk uavhengig.

Norges Bondelag arbeidar for å betre vilkåra for landbruket og synliggjere landbrukets betydning for samfunnet. Bondelaget er partipolitisk uavhengig og den leiande organisasjonen for næringspolitikk og service i landbruket. Med 62.000 medlemmer, om lag 580 lokallag, 18 fylkeslag, gode politiske kontakter og høy fagleg kompetanse er me ein sterk organisasjon.

62.000 medlemmer i Norges Bondelag gir gode mangfoldige matopplevelser, skaper grobunn for levedyktige lokalsamfunn, gjer landet vakkert og fornyer verdiskapninga på gården.

torsdag 15. januar 2009

DAGSTUR MED BUSS 10. FEBRUAR

Årets dagstur er i samarbeid med Fjøssystemer AS på Nærbø, med 2 gardsbesøk for å sjå på nye driftsbygningar til mjølkekyr med spesielt fokus på kalvestell. Turen vert arrangert av Riska og Sandnes Bondelag.

Program:
· 09:30 Avreise frå Fatland, Hommersåk
· 10:00 Avreise frå MEGA, Brueland
· 10:30-11:00 Pressentasjon av Fjøssystemer.
· 11:00-11:30 Lunsj
· 11:30-12:45 Omvisning hjå Kurt Hobberstad
· 13:30-15:00 Gardsbesøk hjå GTI Samdrift DA v/ Tor Gunnar Østebø
· Ca kl 15:45 Tilbake på Fatland, Hommersåk

Pris kr 200,- inkl. buss og lunsj.

Påmelding innan 4. februar til : Morten Malmin tlf 916 38 719
eller
Sigmund Svendsen tlf 991 54 012

VELKOMMEN

Gjødslingsseminar

Mandag 2. februar kl 10:00-14:30 vert det arrangert seminar om gjødsling på Undheim Samfunnshus. Seminaret er åpent for alle.

Program:
10:00 Velkommen v/Olav Husveg
10:05 Miljøvennleg gjødselspreiingsprosjekt v/ Olaf Gjedrem
10:15 Situasjonen for mineralgjødsel, typer, tilgang og pris v/ Jens Randby, FK
10:45 Rett gjødsling v/ Rangvald Gramstad, Forsøksringen
11:30 Matøkt - Kjøttkaker og sviskegrøt
12:30 Eiga eller leiga gjødselutstyr v/Martin Svebestad, Klepp gardsrekneskapslag
13:00 Husdyrgjødsel, transport og økonomi v/ Jan Karsten Henriksen, Agder Forsøksring
13:20 Erfaringer ved leigekjøring spreiing av husdyrgjødsel v/Jakob Eskeland
13:45 Leigekjøring i kontainer og slangespreiing v/Torstein Sele og Jakob Eskeland. Info
om pris og tilbod til komande vekstsesong.
14:00 Samtale og oppsummering

Arrangør:
Forsøksringen på Jæren
Aksjon Jærvassdrag

søndag 11. januar 2009

Invitasjon til deltaking i studiering - Landbrukspolitikk

Sandnes Bondelag arrangerer studiering i landbrukspolitikk. Alle i styret deltek, og det er ledige plasser dersom andre ønskjer å delta. Studieringen vert gjennomført på 3 kvelder .

Formålet med studieringen er auka kunnskap om samanhengane i landbrukspolitikken, jordbruksforhanlingane og WTO-forhandlingane. Det vil også verta arbeida med ein uttale som skal sendast til Rogaland Bondelag framfor årets jordbruksforhandlingar.

Tidspunkt vert: 14, 20 og 27 januar.

Dersom du er interessert kan du ta kontakt med Morten Malmin på tlf 916 38 719

torsdag 1. januar 2009

Avfall i landbruket : Kor kan me levera ?

Dei fleste har vel ein avfallsplan, men her er eindel tips.

Me har fått god hjelp av Martin M. Haarr - mange kjenner han som KSL-revisor, men han har og vore engasjert i ulike prosjekt innan dette med avfallsproblematikk i landbruket.

Me har og fått veiledande prisar frå eit par av mottaka.

Dessverre tillet ikkje teknikken her å gjengi det så fint og ordentlig, me gjer så godt me kan.

  • Plastfolie / landbruksplast : 4H-innsamlingar (gratis + går til ein god sak ), Westco på Bærheim (gratis) ( OBS: Reint og sortert ! )
  • Dekk: Leverandør (gratis)
  • EE-avfall, el-verktøy, lysrøyr ++: Leverandør (gratis)
  • Traktorbatteri : Leverandør (gratis )
  • Plastkanner med pant : Leverandør (gratis, - du får til og med panten tilbake.. )
  • Plastkanner uten pant : Westco på Bærheim (kr. 250,- +mva pr.tonn )
  • Kanner for plantevernmiddel, vaska : Westco på Bærheim (kr. 250,- + mva pr. tonn )
  • Jern / metall : Westco på Bærheim (gratis, foreløpig )
  • Olje frå traktor/landbruk : Leverandør (gratis) eller Henriksen Oljetransport, Kalhammaren (gratis, men OBS : kun spillolje av smøreoljer, må ikkje vera iblanda f.eks. diesel - då blir det ei avgift på det )
  • Oljefilter : Leverandør (gratis) eller Henriksen Oljetransport, Kalhammaren (kr. 17,- +mva pr kg )
  • Organisk avfall frå eigen gard : Deponer på eigen gard - du er sjøl leverandør. Men bruk fornuft. Husk fare for avrenning og visuell forsøpling. Og pirkete dåsemiklar.
  • Medisin / sprøytespissar o.l. :Medisin til apotek (gratis), gjerne via dyrlegen. Sprøytespissar og skalpellblad jobbar me med å finna opplegget for.
  • Plantevernmiddel : Henriksen Oljetransport, Kalhammaren ( Normalt kr. 30,- +mva pr. kg. Kvikksølvholdige middel (sjelden) kr. 550,- + mva pr.kg )
  • Malingsrestar : Henriksen Oljetransport, Kalhammaren (kr. 6,50 +mva pr kg )
  • Daude dyr : Norsk Protein, Grødaland henter desse (gratis)

Det som står som gratis er for ein stor del finansiert av miljøgebyr når produkta blir kjøpt. Apropos det, så anbefaler Martin Haarr at ein får entreprenørar som pakkar plastballar til å enten spesifisera vederlagsgebyret eller skriva på fakturaen at det er inkludert.

Sjekk prisar og vilkår med mottaka før du leverer, dette er veiledande og kan endrast. Me kan ikkje ta ansvar for mulige feil.

Har du tips om bedre alternativ : Gje oss beskjed, så legg me det ut her !
Eventuelt legg inn kommentar til dette innlegget..

Linkar :

Henriksen Oljetransport
Westco Miljø
Norsk Protein