Sandnes Bondelag reagerer sterkt på brosjyren ”Vis trafikkvett på traktoren” der Norges Bondelag også er ein av deltakarane bak kampanjen.
Den største reaksjonen kjem frå setninga: ” For landbruksmaskin – d.v.s. traktor med utstyr, skurtresker eller andre landbruksmaskiner – med bredde mellom 2,55 m og 3,50 m kan en kjøre langs offentlig vei over kortere veistrekning som ledd i vanlig bruk av maskiner. Det gjelder frå tun til teig, eller teig til teig, i praksis maks 5 km.”
Sandnes Bondelag er positiv til kampanjen Vis trafikkvett på Traktoren der målet er forebygging av uheld på veg der traktor er involvert. Men på grunn av nemnde avgrensing som er med i brosjyren meiner me at, dette er svært uheldig for landbruket.
Denne formuleringa vil i praksis føre til strengare handheving av gjeldande forskrift om bruk av kjøretøy på offentleg veg, og me er heller ikkje kjent med at EU land praktiserer ein så sterk avgrensing av landbruksmaskinar langs offentleg veg. Me er også kjent med at lokale trafikkstasjonar til Statens vegvesen allereie har hatt møter, der handheving av ”holdningane” (5 m avstanden) frå denne kampanjen er diskutert.
Over fleire år har staten vore ein pådrivar for å få eit meir rasjonelt landbruk i Norge med færre og større driftseiningar og reduserte kostnader. Mange har allereie tilpassa seg avstandsgrensa mellom deltakarar i samdrift, som er sett til 17 km. Større bruk med auka avstand mellom areala og reduserte kostnader, krev større og effektive landbruksmaskinar, og meir spesialiserte maskinstasjonar (leigd hjelp), som er avhengig av å kunne flytte landbruksmaskinar over eit større område.
Eit anna moment er miljøtilpassinga i landbruket, med offentlege tilskott til dyrt utstyr til nedmolding av husdyrgjødsel, der det vert nødvendig at fleire går saman om slikt utstyr, der det òg vert lang transportavstand.
Auka bruk av maskinstasjonar som spesialiserer seg på plantevern gir også nøyaktig og sikker bruk av plantevernmiddel.
Alt dette er ei utvikling Statens vegvesen òg må akseptera!
søndag 21. desember 2008
Reaksjon på brosjyren "Vis Trafikkvett på traktoren"
Etiketter:
Info frå Sandnes Bondelag
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar