Dei fleste har vel ein avfallsplan, men her er eindel tips.
Me har fått god hjelp av Martin M. Haarr - mange kjenner han som KSL-revisor, men han har og vore engasjert i ulike prosjekt innan dette med avfallsproblematikk i landbruket.
Me har og fått veiledande prisar frå eit par av mottaka.
Dessverre tillet ikkje teknikken her å gjengi det så fint og ordentlig, me gjer så godt me kan.
- Plastfolie / landbruksplast : 4H-innsamlingar (gratis + går til ein god sak ), Westco på Bærheim (gratis) ( OBS: Reint og sortert ! )
- Dekk: Leverandør (gratis)
- EE-avfall, el-verktøy, lysrøyr ++: Leverandør (gratis)
- Traktorbatteri : Leverandør (gratis )
- Plastkanner med pant : Leverandør (gratis, - du får til og med panten tilbake.. )
- Plastkanner uten pant : Westco på Bærheim (kr. 250,- +mva pr.tonn )
- Kanner for plantevernmiddel, vaska : Westco på Bærheim (kr. 250,- + mva pr. tonn )
- Jern / metall : Westco på Bærheim (gratis, foreløpig )
- Olje frå traktor/landbruk : Leverandør (gratis) eller Henriksen Oljetransport, Kalhammaren (gratis, men OBS : kun spillolje av smøreoljer, må ikkje vera iblanda f.eks. diesel - då blir det ei avgift på det )
- Oljefilter : Leverandør (gratis) eller Henriksen Oljetransport, Kalhammaren (kr. 17,- +mva pr kg )
- Organisk avfall frå eigen gard : Deponer på eigen gard - du er sjøl leverandør. Men bruk fornuft. Husk fare for avrenning og visuell forsøpling. Og pirkete dåsemiklar.
- Medisin / sprøytespissar o.l. :Medisin til apotek (gratis), gjerne via dyrlegen. Sprøytespissar og skalpellblad jobbar me med å finna opplegget for.
- Plantevernmiddel : Henriksen Oljetransport, Kalhammaren ( Normalt kr. 30,- +mva pr. kg. Kvikksølvholdige middel (sjelden) kr. 550,- + mva pr.kg )
- Malingsrestar : Henriksen Oljetransport, Kalhammaren (kr. 6,50 +mva pr kg )
- Daude dyr : Norsk Protein, Grødaland henter desse (gratis)
Det som står som gratis er for ein stor del finansiert av miljøgebyr når produkta blir kjøpt. Apropos det, så anbefaler Martin Haarr at ein får entreprenørar som pakkar plastballar til å enten spesifisera vederlagsgebyret eller skriva på fakturaen at det er inkludert.
Sjekk prisar og vilkår med mottaka før du leverer, dette er veiledande og kan endrast. Me kan ikkje ta ansvar for mulige feil.
Har du tips om bedre alternativ : Gje oss beskjed, så legg me det ut her !
Eventuelt legg inn kommentar til dette innlegget..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar