Av programmet kan ein nemna:
- Same tid som Agrovisjon 2010
- Besøk av unge bønder med ulike produksjonar som fortel om sine val.
- Samvirkeorganisasjonane i landbruket, kven er dei og kva jobb gjer dei for bonden
- Eigarskifte på garden
- Dei menneskelege sidene ved eigarskifte
- Odelslov og konsesjonslov
- Skatt og arveavgift
- Økonomi på garden, kva er viktig når ein dreiv gard / eige firma
Dette vil vera ei inspirerande samling for dei som nettopp har overteke gardsbruk, og dei som skal overta. Det vil vera god tid til sosialt samvær. Det er eit fint høve til å ta med seg kjæraste/sambuar/ektefelle for saman å drøfte livet som bonde. Detaljert program vert sendt til dei påmelde.
Påmelding til Rogaland Bondelag tlf. 51 88 72 70 eller epost til olav.sande@bondelaget.no
Påmeldingsfrist onsdag 22. september 2010.
Pris for heile kurset: Kr 750,- for enkeltrom
Kr 1150,- for par i dobbeltrom
Komplett program for kurset finn du her på arkivbloggen vår.

