mandag 13. september 2010

KURS FOR NYE / KOMANDE BØNDER

Rogaland Bondelag og Samarbeidsrådet for landbruksorganisasjonane i Rogaland inviterer til kurs for nye og komande bønder på Rica Forum Stavanger, fredag 22. oktober – laurdag 23. oktober. Agrovisjon 2010 vert arrangert på same tid og stad.

Av programmet kan ein nemna:

  • Same tid som Agrovisjon 2010
  • Besøk av unge bønder med ulike produksjonar som fortel om sine val.
  • Samvirkeorganisasjonane i landbruket, kven er dei og kva jobb gjer dei for bonden
  • Eigarskifte på garden
  • Dei menneskelege sidene ved eigarskifte
  • Odelslov og konsesjonslov
  • Skatt og arveavgift
  • Økonomi på garden, kva er viktig når ein dreiv gard / eige firma
På fredag kveld, middag og bondepub i samband med Agrovisjon sitt opplegg.

Dette vil vera ei inspirerande samling for dei som nettopp har overteke gardsbruk, og dei som skal overta. Det vil vera god tid til sosialt samvær. Det er eit fint høve til å ta med seg kjæraste/sambuar/ektefelle for saman å drøfte livet som bonde. Detaljert program vert sendt til dei påmelde.

Påmelding til Rogaland Bondelag tlf. 51 88 72 70 eller epost til olav.sande@bondelaget.no
Påmeldingsfrist onsdag 22. september 2010.

Pris for heile kurset: Kr 750,- for enkeltrom
Kr 1150,- for par i dobbeltrom

Komplett program for kurset finn du her på arkivbloggen vår.

Ingen kommentarer: