torsdag 29. april 2010

Aksjon for å symbolisere utviklinga i inntekt

AKSJON: Rundballe plassert i krysset Arne Garborgsveg/Jernbanegata på Bryne. (Foto: Brit Romsbotn, Jærbladet)

Bondelaga på Jæren held ein stille aksjon der det vert lagt ut rundballar 29. april med ei svart pil som peikar nedover. Denne pila skal symbolisera at gapet på inntekt mellom andre grupper og bøndene går galne vegen. Dei andre gruppene dreg i frå og bonden vert ei låglønsgruppe som ikkje tørr å investere for framtida.

Inntekt samanlikna med andre grupper
I følge driftsgranskingane til Nilf har ein gjennomsnittsbonde på Jæren 34,1 årskyr med ein kvote på 221 200 tonn. Arbeidsinnsatsen er 3740 timar og ei årsverk inntekt på kr 227 000. Bondelaga på Jæren meiner at dette ikkje ei anstendig inntekt samanlikna med andre grupper. Bønder som driv med melkeproduksjon i denne storleiken har vanskeleg å kunne ta seg arbeid utan om gardsdrifta for å spe på med anna inntekt. Med så stor drift må ein vera heime heile dagen for å sjå til dyra og gjere forefallande arbeid. Det er derfor ekstra viktig at desse bøndene får ein god inntektsauke. Me har her valt å samanlikne med Statens lønnsregulativ og arbeid sjå ein lokal maskin entreprenør.

Ei inntekt på kr 227 000 gjer ei time løn på kr 123 og lønnstrinn 12. Til samanlikning startar hjelpearbeidar, reinhaldsbetjent og barnehageassistent utan ansiennitet og på lønnstinn 18 som gjer 244 000 i årslønn (timelønn 132,20) og lønnstrinn 29 ved full ansiennitet 284 000 (153,80)

Dette var eksempel på melkeproduksjon. Dei kraftfôrbaserte næringane som svin, kylling og egg har også hatt store inntektstap på grunn av stigane pris på kraftfôr. Noko som betyr at kostnadene har vorte høgare og gjev ein negativ utvikling i inntekta.

Bønder investerer mindre – arbeidsplassar forsvinn i andre næringar
I følgje bankane vert det investert mindre i landbruket det siste året. Dette er negativt både for bøndene og byggenæringa. På sikt kan dette gje mindre matproduksjon og arbeidsplassar innan næringsmiddelindustri vil forsvinna.

Vårt ønskje for jordbruksforhandlingane er at det vert økonomi nok i landbruket til at Jærbønder i framtida kan ha ei anstendig inntekt etter ei investering.

Ingen kommentarer: