fredag 29. februar 2008

Plastinnsamlinga på Sviland 15.mars

Plastinnsamlinga til 4H blir på parkeringsplassen ved Sviland samfunnshus, lørdag 15.mars kl. 10.00 - 14.00. Husk å skille plasttypane, og prøv å unngå mold o.l. i plasten.

Det blir kaffi og litt å bita i og god drøs inne på samfunnshuset.
Ta med plasten og møt opp, folkens !

mandag 25. februar 2008

Tysk ektepar som ringavløsere ?

Vi har fått henvendelse fra et tysk ektepar som ønsker å flytte til Norge og arbeide som landbruksavløsere. Er du innterssert, ta kontakt med kontoret.
Tlf. 51 62 36 25.

onsdag 20. februar 2008

Oppdatering av email-adresser

Styret i Sandnes Bondelag vil gjerne kommunisera kvikt og effektivt med medlemmene.
Bloggen er meint å vera eit hjelpemiddel. I tillegg ønsker me å ha mulighet til å nå flest mulig på e-mail når det er aktuelt.

Kan du hjelpa oss med å senda oss mailadressen din ?

Hvis du vil registrera den, send ein mail til morten_malmin@hotmail.com .

torsdag 14. februar 2008

Stormøte i landbrukspolitikk 13. mars

Det blir stormøte om landbrukspolitikk på Klepp. I frå landbruksdepartementet vert Ola T. Heggem med og Eli Reistad i frå Norges Bondelag. Det vil og verta med ein stortingsrepr. og ein lokal politikar.

Møt opp, og marker krava frå landbruket foran jordbruksforhandlingane!!

Stad: Rådhuset på Klepp

Tid: Torsdag 13. mars kl 19:00

onsdag 6. februar 2008

Olje- og metallinnsamling lørdag 23. februar

Det vert ny runde med olje- og metallinnsamling også dette året. I 2007 var innsamlinga på Sviland, så dette året vert det på Malmheim.

Viktig informasjon:
- Metallet må vere fritt for tre og plast
- Små biter og spiker må samlast i ei bøtte e.l.
- Spillolje må vere utan frostveske
- Me tek m.a. ikkje imot plast, malingsspann, "gift", kanner, flasker e.l.

Stad: Malmheim, ca 200 meter frå Grendahuset, hjå Magne David Malmin (Heigreveien 412).

Når: Lørdag 23. februar

Tid: 10:00-15:00

DAGSTUR MED BUSS 21. FEBRUAR

Årets dagstur går til IVAR sitt varmebehandlingsanlegg på Langevatn, og Eik-maskin på Klepp. Me har bestilt ein stor buss med plass til 44 personer, og samarbeider med Riska Bondelag om denne turen.

Program:
09:00 Avreise frå Fatland, Hommersåk
09:30 Avreise frå MEGA, Brueland
10:00 Omvisning på Langevatn
12:30 Lunsj og omvisning på Eik-maskin på Klepp.
15:00 Tilbake på MEGA, Brueland
15:30 Tilbake på Fatland, Hommersåk

Pris: kr 200,- pr. person

Møt opp å bli med!

Plastinnsamling på Sviland

Dato og tid for plastinnsamlinga på Sviland som 4H står for er endra til lørdag 15. mars kl. 10.00 - 14.00. Nøyaktig kor på Sviland mottaket blir legges ut her så snart me får endeleg beskjed om det.

søndag 20. januar 2008

Høgare utlånsrenter til landbrukslån

Sandnes Bondelag er kjent med at Sparebank1 SR-Bank vil heve den generelle utlånsrenta til landbrukslån med 0,6 %, medan bustadlån vert justert opp med 0,4 %.

Tidlegare har renteutviklinga av den generelle utlånsrenta på landbrukslån følgt bustadlån. Sparebank1 SR-Bank har gått høgt ut på banen med at dei er ein bank som satsar på landbruket, og at landbruket historisk sett har vore den kundegruppa som har påført banken minst risiko og tap. Det vil vere eit svært dårlig signal frå banken, dersom dei nå ønskjer å heve utlånsrenta til landbruk meir enn for bustadlån, med tanke på at mange bustadlån vert belånt opp til 100 % av verdi, i eit bustadmarknad der det ikkje vert forventa noko særleg prisauke den første tida. Eit anna moment er at landbruket utgjer ein stor del av kundegruppa til SR-Bank, som det bør vera interessant å behalda.

Sandnes Bondelag har teke kontakt med Rogaland Bondelag, og håper på at fylkeslaget kan ta kontakt med banken for å få ei nærare forklaring på denne endringa, samt å signalisere at dette betyr mykje for landbruket.

fredag 18. januar 2008

SMIL midler til attstøyping av gjødselporter

Dei lokale retningslinjene/strategien for bruk av SMIL (Spesielle Miljøtiltak I Lanbruket) mider skal nå fornyast. I samband med dette er Sandnes Bondelag med å uttaler seg til bruk av SMIL-mider i Sandnes kommune. Strategien skal opp til politisk behandling i landbruksnemnda i februar.

Fylkesmannen i Rogaland har skrive brev til kommunane der dei skriv at dei ikkje ønskjer at SMIL-mider skal nyttast til attstøyping av gjødselporter, ut frå at dei meiner dette ligg utanfor regelverket. Sandnes Bondelag har med bakgrunn i dette sett nærare på denne saka, og kjem fram til at dette ligg innanfor regelverket, og at det er god bruk av desse midlene. Også Aksjon Jærvassdrag og prosjektet Frivillige tiltak i landbruket, samt administrasjonen i fleire kommunar har signalisert at dette tiltaket kan gi stor miljøvinst, der eigenandelen frå landbruket er stor. Sandnes Bondelag sende denne saka vidare til Rogaland Bondelag, som også har teke tak i saka og sendt brev til Fylkesmanne, med oppfordring om å vurdera denne saka på ny.

Her er uttalen som ligg på nettsida til Rogaland Bondelag:
http://www.bondelaget.no/rogaland/nyheter/dbafile103974.html

fredag 11. januar 2008

Plastinnsamling på Sviland

4H tar mot landbruksplast på Sviland lørdag 15. mars 2008 kl. 10-14 ( OBS dette er den nye datoen )
Me får detaljer seinare, foreløpig ser det ut til eit opplegg der ein i tillegg til å levera plast kan få seg ein kopp kaffi og sosialt drøs med gode kolleger.
Altså : Klokkeslett og nøyaktig kor blir lagt ut her når me får beskjed om det.

lørdag 22. desember 2007

Ønskjer du å bli medlem i Bondelaget?

Bondelaget treng deg som medlem!

Norges Bondelag er den største fagorganisasjonen for bønder i Norge, og har som mål å "samle alle som er, eller kjenner seg knyttet til bondeyrket, fremme felles saker, trygge landbruket og ivareta bygdenes økonomiske, sosiale og kulturelle interesser."

Norges Bondelag har rundt 61 000 medlemmer i 607 lokallag og 18 fylkeslag. Sandnes Bondelag er et av de største lokallaga med ca 450 medlemmer. Medlemmene representerer alle bruksstørrelser og produksjoner. Vi forhandler hvert år med Staten om bondens inntektsmuligheter. Bondelaget mottar ikke statsstøtte, og er økonomisk og politisk uavhengig.

Les meir om medlemsfordeler her: http://www.bondelaget.no/hvorfor-vaere-medlem-i-norges-bondelag/category2539.html

Her kan du melde deg inn: http://www.bondelaget.no/innmelding/category128.html

Ny lov om dyrevelferd - høyring

Grunnlaget for høyringa av ny lov om dyrevelferd ligg nå ute.

Styret i Rogaland Bondelag skal ha saka opp til behandling 14. januar. For styret er det viktig å få signal frå lokallaga og må ha innspela frå lokallaga innan 10. januar.

Dersom nokon har innspel som dykk meiner Sandnes Bondelag skal sende vidare til Rogaland Bondelag, kan dykk sende ein mail til: morten_malmin@hotmail.com helst innan 6. januar.

Gå inn på linken nedanfor for meir informasjon:
www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/dok/Horinger/Horingsdokumenter/2007/Horing---Ny-lov-om-dyrevelferd---alminne.html?id=489848

Her er eit samandrag av dei viktigaste endringane:
http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/aktuelt/nyheter/2007/Nov-07/Dyr-Ny-lov-styrker-dyrevelferden.html?id=490867

søndag 25. november 2007

Styret 2007-2008


Styret i Sandnes Bondelag 2007-2008

Verv - Namn - Telefon - E-post
Leiar: Morten Malmin-91638719-morten_malmin@hotmail.com
Nestleiar: Sindre Årsvoll-90598783-aarsvoll@online.no
Kasserar: Sven Martin Håland-90972569-svenmh@frisurf.no
Sekretær: Lodve Håland-40869075-lohaa@online.no
Styremedlem: Bernt Nærland-41480826- bernt.naerland@c2i.net
Styremedlem: Leiv Velle Åreskjold-90948002- leiv.velle.areskjold@hotmail.com
1. vara: Andreas Viste-90782622-avist@online.no

Studieleiar: Bernt Nærland
Repr til Fjellbygda BK: Leiv Velle Åreskjold
Repr til Sandnes BK: Bernt Nærland
Repr BU: Bernt Nærland
Kontaktperson Skule/landbruk: Sindre Årsvoll
Kontaktperson Landbrukets HMS: Leiv Velle Åreskjold
Repr Julebygda Grendehus: Karl Egeland

torsdag 22. november 2007

Velkommen til den nye bloggen vår !

Hei folkens, dette er et forsøk med ny blogg for Sandnes Bondelag.Den vil bli fiksa på og ommøblert til me synes den er grei.
Sakene ute på høgre sida her f.eks. tilpasser me ettekvart.Nyhetsfelta oppdateres automatisk heile tida.( stort sett, har oppdaga enkelte "daupunkt " )
Meiningå er at dette kan bli eit supplement for å legga ut aktivitetene i laget, og kanskje ein plass der du kan få lagt ut informasjon som kan vera av interesse for andre Sandnes-bønder og folk knytta til bransjen.
Påminning om møter og sånt, har du sterke meiningar eller bare vil lodda stemningen for ein tur på byen kan me legga det ut her. Enten sender du ein mail om saken eller så kan du få passord og legga ut og redigera egne ting sjøl når du vil.Det er veldig,veldig enkelt. Jo fleire som deltar jo bedre.

Send oss gjerne ein mail for å fortella at du har sett sida ! Har du kommentar er det fint.
Mailadresse : leiv.velle.areskjold@hotmail.com ( Leiv Velle Åreskjold, styremedlem i laget ).

Under her er det altså lagt ut to saker før denne. Så vil neste innlegg koma over her...

Førjulstreff

Fredag 7.12 kl. 19.30 arrangerer Sandnes Bondelag og Sandnes Bygdekvinnelag førjulstreff på Bøndenes Hus.

Koldtbord og musikk
Kåseri av gateprest Rune Skøygen

Bilettpris 300 kr.
Påmelding innen 2.12.
Tlf :
51626518 / 41280826 Bernt Nærland
51670387 / 47502124 Målfrid Stangeland

Møte med Sparebank 1 SR-bank

Sparebank 1 SR-bank og bondelaga i Sandnes, Riska, Stavanger og Sola inviterer til møte med følgande tema :
"Utfordringer og muligheter for landbruksnæringen i bynære strøk" v/ Ivar Pettersen, direktør i NILF,
" Muligheter for meravkastning på den enkelte gards verdier" v/ Martin Henrichsen, banksjef i Sparebank 1 SR-bank, Sandnes,
"SR-banks satsing på skadeforsikring for landbruk" v/ Inger-Lise Jørgensen, spesialrådgiver i landbruksforsikring.
Banken vil også presentere ny landbruksrådgiver i Sandnes, Leiv Kåre Asbjørnsen.

Enkel servering.

Tid : 27.11.kl.19.00
Stad : Hotell Residence i Sandnes