Sandnes Bondelag er kjent med at Sparebank1 SR-Bank vil heve den generelle utlånsrenta til landbrukslån med 0,6 %, medan bustadlån vert justert opp med 0,4 %.
Tidlegare har renteutviklinga av den generelle utlånsrenta på landbrukslån følgt bustadlån. Sparebank1 SR-Bank har gått høgt ut på banen med at dei er ein bank som satsar på landbruket, og at landbruket historisk sett har vore den kundegruppa som har påført banken minst risiko og tap. Det vil vere eit svært dårlig signal frå banken, dersom dei nå ønskjer å heve utlånsrenta til landbruk meir enn for bustadlån, med tanke på at mange bustadlån vert belånt opp til 100 % av verdi, i eit bustadmarknad der det ikkje vert forventa noko særleg prisauke den første tida. Eit anna moment er at landbruket utgjer ein stor del av kundegruppa til SR-Bank, som det bør vera interessant å behalda.
Sandnes Bondelag har teke kontakt med Rogaland Bondelag, og håper på at fylkeslaget kan ta kontakt med banken for å få ei nærare forklaring på denne endringa, samt å signalisere at dette betyr mykje for landbruket.
søndag 20. januar 2008
Høgare utlånsrenter til landbrukslån
Etiketter:
Info frå Sandnes Bondelag
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar