fredag 2. oktober 2009

Haustmøte i Rogaland landbrukssselskap

Tysdag 3. november arrangerer Rogaland landbruksselskap haustmøte for bondeorganisasjonane, næringa og landbruksforvaltninga.
Møtet blir arrangert i Måltidets Hus tysdag 3. november kl. 09.30 - 15.00.

Haustmøte er ei årleg hending der bondenæringa møter forvaltninga og der ein tek opp aktuelle tema. I år står vassdirektivet høgt på dagsorden. Det blir informasjon om vassdirektivet og ein ser på kva konsekvensar det kan få for bøndene og landbruket i Rogaland.

Resten av dagen går med til å sjå nærare på om landbruket i Rogaland er framtidsretta. Det blir debatt der ein stiller spørsmål ved mellom anna ” - bør odelslova fjernast for å sikre rett rekruttering?”, ”- skal Rema produsere mjølka i 2030?” og "- må ein vere idealist for å vere bonde i dag?"

Her kan du finne heile programmet og melde deg på.

Ingen kommentarer: