Avtalen har en totalramme på 1,9 milliarder kroner, og av dette tas 1,55 milliarder ut i form av auka priser, medan 350 millioner kroner er auka bevilgningar over statsbudsjettet. Auka priser vil innebære auka matvarekostnadar for den enkelte. Ein familie på fire må belage seg på om lag 1500 kroner per år i auka matvareprisar. I dag brukar me 10 prosent av vår disponible inntekt på mat, noko som er langt lågare enn det tidlegare har vore.
Jordbruksavtalen er den beste på mange år, men framleis er avstanden til andre grupper i samfunnet altfor stor.
Avtalen gir i hovudsak mulighet for auka priser til bonden; mjølk +0.37 kr/liter, storfekjøtt + 4,22 kr/kg, sauekjøtt + 5 kr/kg, svinekjøtt +1,5 kr/kg, egg + 0,87 kr/kg, potet + 0,2 kr/kg, og 0,26 kr/kg korn. I reine tilskott er auken størst til beitedyr, og elles litt auke i tilskott til avløysing (ferie/fritid og sjukdom). Botnfrådraget i tilskottet vert redusert med 1000 kr.
Dei største endringane i regelverk er at det vert innført kovteleige og moglegheit for eige tilskott til spesialisert kjøttproduksjon i tillegg til samdrift.
Det vert informasjonsmøte om avtalen mandag 19. mai kl 19:30 på Bore samfunnshus. Bjarne Undheim vert med.
Avtalen går ut til uravstemming til alle medlemmene i perioden 19. mai til 26. mai. Meir informasjon om dette vil kome seinare.
fredag 16. mai 2008
Det er gjort avtale i jordbruksforhandlingane
Etiketter:
Info frå Sandnes Bondelag
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar