mandag 15. mars 2010

Bli tilhenger av Sandnes Bondelag på Facebook!

Sandnes Bondelag går på Facebook, klikk her for å koma til sida vår. Me gjer dette for å ha ein ekstra informasjonskanal, både for å nå fleire og for å få meir tilbakemeldingar.
Bli tilhenger av laget der, og skriv meldingar på veggen!

fredag 5. mars 2010

Metallinnsamling på Sviland lørdag 20. mars kl. 09.00 - 13.00

I vår arrangerer Sandnes Bondelag metallinnsamling på Sviland lørdag 20. mars kl. 09.00 - 13.00.
Me vil vera ved dei gamle militærgarasjane nord for idrettsplassen. Her er nokon enkle reglar:

  • Metall skal vere fritt for forurensinger av gummi/tre (f.eks redskaper med dekk og gummibelter) Søppel, plast, grus og stein må ikke leveres.
  • Oljeholdig skrap kan vi ikke ta imot. Det vil si gamle motorer og akslinger må være tømt for olje.
  • Dieseltanker og oljetanker må ha sertifikat på at de er tomme, eller de må være delt i to. 
På grunn av frost og snø utsetter me metallinnsamlinga i Sandnes Vest til hausten. Men alle er hjerteleg velkomne til å levera på Sviland 20. mars!

Kom med skrotet, folkens!

torsdag 18. februar 2010

Plastinnsamling på Malmheim lørdag 27. februar

Viking 4-H arrangerer innsamling av landbruksplast ved Julebygda Grandahus frå 10:00-13:00.

Dei tek bare imot rundballefolie og storsekk, ikkje rundballenett og kanner.

mandag 15. februar 2010

Uttale - Masterplan for utbygging i Sandnes Øst

Sandnes Bondelag og Rogaland Bondelag har sendt ein felles uttale til Sandnes kommune i samband med Masterplan for Sandnes Øst.

Uttalen kan du lese med å klikke på denne linken.

fredag 5. februar 2010

HMS-kurset er flytta til 22. februar kl. 19.00. Sjå lengre nede på sida.

Fagmøte onsdag 17. februar

Onsdag 17.02.2010, kl. 19.00 på Julebygda Grendahus.

Skal bøndene levere til samvirke eller private aktører framover?

Innlegg av:
• Nortura v/ Sveinung Svebestad (Styreleiar)
• Prima kjøtt v/ Ernst Eik (Konserndirektør)
• Fatland Jæren v/ Terje Wester (Daglig leiar)
• TINE v/ Ole Magnar Undheim (Styremedlem i TINE BA)

Det vert god tid til debatt og spørsmål frå salen etter innlegg.

Møteleiar vert Dag Raustein (Redaktør i Bondevennen)

Enkel servering (kaffi, rundstykker og lefse)!


Velkommen !



torsdag 4. februar 2010

HMS-kurs starter mandag 22. februar 2010 kl 19.00 på Bøndenes Hus

Kom an folkens, nå er det på tide å ta HMS-kurset. Alt for mange tar knekken på helså i denne bransjen.

Kurset starter mandag 22. februar kl. 19.00 på Bøndenes Hus i Sandnes, og består av 3 deler:
  • 3 timer i gruppe med lærar (1. kvelden). Grunnleggande HMS, motivasjon, råd om E-læring
  • 6 timer E-læring. Egenstudie på internett.Fleksibelt opplegg.
  • 3 timer i gruppe med lærar: Gardsvandring på ein av gardane våre.Løysninger, oppsummering, kvalitetssikring.
Kurset bygger på myndighetenes minimumskrav, og tilfredsstiller § 3-5 i Arbeidsmiljøloven.
Sjå link til Landbrukets HMS-tjeneste sin beskrivelse her:

Pris for medlemmer i Landbrukets HMS-tjeneste kr. 1350, andre kr. 1850.
Påmelding til Lodve Haaland, tlf. 408 69 075 eller mail klepp@samko.no

Dette blir bra! Velkommen!

søndag 31. januar 2010

Uttale til jordbruksforhandlingane i 2010

Sandnes Bondelag har gjennomført studiering og diskutert hovedprioriteringar til jordbruksforhandlingane i vår.

Her kan du lese uttalen som er sendt: http://sandnesbondelagarkiv.blogspot.com/

tirsdag 19. januar 2010

Åpent møte om Masterplan for Sandnes Øst på Sviland skule torsdag 28. januar kl. 19.30

Sviland bydelsutvalg skal levere høringsuttalelse om Masterplan for Sandnes Øst. I den forbindelse blir det arrangert eit allmannamøte på Sviland skule torsdag 28. januar kl. 19.30.
 Bydelsutvalget har invitert politikarar, planleggarar, organisasjoner og lokale bedrifter til å vera med i debatten, og har lista opp følgande tema for kvelden:

*Kva med framtida til vår bydel ?
*Boligbygging ?
*Pukkverk?
*Idrettsanlegg?
*Bybanetrasse og veinett?
*Rekkefølge for utbygging?

Paul Kyllingstad blir med for jordvernutvalget i Sandnes Bondelag. Bondelaget har som kjent eit alternativt forslag til bybanetrase og utbyggingsområde.

(Underteikna vil for ordens skuld gjera merksam på at eg som leiar i Sviland bydelsutvalg har erklært meg inhabil der i denne saken.)

torsdag 14. januar 2010

Bondevorspiel lørdag 20. februar 2010 kl. 19.00 - 23.00

Minner bare om bondevorspielet , sjøl om det står lenger nede på sida her og:
Lørdag 20. februar kl. 19.00 på Bøndenes Hus i Sandnes.
Dette går av stabelen i kjent stil - bondelaget fikser litt heilt enkel vorspielmat, du tar med drikke sjøl.
Her blir det drøs og god stemning! Alle med ein slags tilknytning til bransjen er velkomne, også ikkje-medlemmer!
Etter vorspielet, ca. kl . 23.00, stikker me ut på byen i Sandnes.

torsdag 7. januar 2010

Bondelagsleiar Nils T. Bjørke om subsidiering av Q-meieriet

Nils T. Bjørke som er leiar i Norges Bondelag gjekk 6. januar ut i Nationen og kommenterte reknestykket som viser at alle mjølkebønder betaler Q-meieriet 8 øre pr. liter dei sjølve produserer.

Artikkelen i Nationen finn du her.

Har Bjørke rett, eller er han heilt på villspor? Legg inn kommentar her på bloggen!

onsdag 6. januar 2010

Kom med innspel til vårens jordbruksforhandlingar!

Sandnes Bondelag arrangerer samlingar for å diskutere landbruk, og sende ein uttale til kommande jordbruksforhandlingar.

Me oppfordrer flest mogleg til å kome med innspel, og kom gjerne og bli med på samlingane.

Tid:
onsdag 6. januar kl 19:30
onsdag 13. januar kl 19:30
ondag 20. januar kl 19:30

Sted: Bøndenes Hus i Sandnes

mvh
Sandnes bondelag

torsdag 24. desember 2009

God Jul og godt nytt år

Sandnes Bondelag vil ønskje alle ei fredeleg julehelg og eit godt nytt år.

fredag 18. desember 2009

Uttale - høring - forslag til vernehjemmel i jordloven

Sandnes bondelag har sendt denne uttale til Landbruks- og matdepartementet.


Uttale - Høring - forslag til vernehjemmel i jordloven

  1. Sandnes bondelag støtter forslaget om å innføre hjemmel i jordloven for varig vern av matjord.
  2. Ny plandel av plan- og bygningslov og jordloven er viktige verktøy for å sikre matjord mot nedbygging. Sandnes bondelag mener utarbeiding og oppfølging av regionale og kommunale arealplaner fortsatt blir viktigste redskap for å sikre nasjonale mål om fremtidig matproduksjon i samfunnsplanleggingen.
  3. Sandnes bondelag understreker at dyrket og dyrkbar jord trenger et styrket vern.
  4. Sandnes bondelag foreslår at det åpnes for mulighet til lokal forvaltning av søknader og om fritak fra forbudet i § 14, 1. ledd, for tiltak som etter § 9 i jordloven normalt ikkje krever dispensasjon for omdisponering (driftsbygninger, våningshus, driftsveier og lignende).
  5. Bygg til landbruksformål må gi rom for en tidsmessig og dynamisk utvikling av gardsdriften. Nye landbruksbygg må være i tråd med en fremtidsrettet bebyggelsesplan for gården, og nye veier må gå inn i en transportplan for gården.

Årsmøte i bondelaga på Jæren

Torsdag 17. desember vart det avholdt årmøte for bondelaga på Jæren. Møte fant stad på Jæren Hotell på Bryne.

Her kan du finne referat etter årsmøte.

onsdag 16. desember 2009

Støtte til jordvernutvalg

Rogaland bondelag har gjort vedtak om å gi kr 20.000,- i støtte til arbeidet med jordvern i Sandnes. Det er også sendt vidare ein søknad til Norges Bondelag.
Det er spesielt jordvernutvalget i Sandnes Bondelag v/Paul Kyllingstad og Per Dyvik, som har gjort mykje godt arbeid i denne saka.

Sandnes Bondelag takker for støtta, og lover å halde fram med arbeidet for jordvern.

torsdag 10. desember 2009

Om jordvern, frå Rogaland Bondelag sine nettsider:

Me klipper ut og limer inn heile saken frå Rogaland Bondelag sine sider:

Aktivt engasjement på jordvern i Rogaland

Jordvernsaka står fortsatt sentralt i Rogaland. Måndag 7. desember deltok Ole N. Skuldberg frå Norges Bondelag på orienterings- og synfaringssamling her i fylket for å setja seg inn i situasjonen på Nord-Jæren. Målet er og å trekkja Norges Bondelag sterkare med i jordvernsakene her i fylket. Initiativet til opplegget var Jordvernutvalet til Rogaland Bondelag.

Dagen starta med orientering og synfaring på Nærbø der leiar i det lokale jordvernutvalet Roy Engelsvoll orienterte om situasjonen og planane frå enkelte politikarar for framtidig utbygging rundt Nærbø sentrum. Vert dei mest omfattande planane realiserte vil det gå med mykje god matjord aust for dagens sentrum

Situasjonen rundt Sandnes med særleg vekt på planane ang. bybanetrasse aust for Sandnes, var det andre målet for opplegget. Her slutta ein seg på ei orientering og synfaring representantar frå fylkeslandbruksstyret hadde organisert. Av Sandnes kommune fekk ein først ei god innføring i kommunen sin Masterplan der dei har vist korleis dei vil løysa oppgåva med å styre framtidig utbygging i retning aust for Sandnes. Etter denne planen vil mykje av jorda på Vatne verta bygd ned før ein får utbygginga inn i området lenger aust der det er brei enighet om er dei rette områda for utbygging framover. Det er nedbygginga av Vatne-jorda Jordvernutvalet til Sandnes Bondelag ved Paul Kyllingstad i spissen har reagert sterkt på. Med ein annan trase for bybanen enn hovudforslaget i Masterplanen, viste Paul Kyllingstad at ein kunne spara opp mot 1400 dekar dyrka jord.

Masterplanen til Sandnes Kommune er lagt ut på høyring med frist til 1. februar 2010 og Sandnes Bondelag v/jordvernutvalet vil følgja utviklinga og ikkje minst sjå situasjonen ann etter at Fylkeslandbruksstyret har kome med sine merknadar til planen i sitt siste møte 17. desember.

Av: Svein Helge Harbo

mandag 30. november 2009

Bondevorspiel lørdag 20. februar 2010 frå kl. 19.00

Sett av kvelden alt nå, folkens. Lørdag 20. februar 2010 frå kl. 19.00 blir det bondevorspiel i kjent stil på Bøndenes Hus.
Me varmer opp i vårt eige lokale med god drøs, og pizza spandert av bondelaget. Ta med drikke sjøl.
Her har det vore god stemning på tidlegare vorspiel.

Vorspielet avsluttes rundt kl. 23.00, då stikker me ut på byn i Sandnes.

onsdag 25. november 2009

Metall- og oljeinnsamling lørdag 20. mars 2010 OBS! Dette er ny dato !!

Me arrangerer metall-og oljeinnsamling lørdag 20.  mars 2010 kl. 09.00-13.00 på Sviland.