lørdag 30. mai 2009

Store behov for investeringar på mjølkebruka på Jæren

Produsentlaga til Tine og lokallaga til Norges Bondelag i Hå, Klepp og Time har i samarbeid sendt eit brev til Strategigruppa vedrørande retningslinjene for tildeling av BU-midlar. Dagens praksis rammar alle dei 8 jærkommunane, og Sandnes Bondelag støtter difor opp om brevet som er sendt.

Jærkommunane er ikkje prioritert når investeringsmidlar skal delast ut. Eit av argumenta er at jærbonden er så aktiv og ekspansiv som han er - og korleis skal det verta om han får BU-midlar i tillegg? Saka er at jærbonden i dag er sterkt pressa. Det er framleis mange som ikkje har fornya driftsbygningar - og dei som har gjort det, har det svært stramt økonomisk. Då det vart innført lik pris i samvirkeselskapa Tine og Nortura, så vart det ikkje innført sonetillegg til heile landet. Dermed er jærbonden no med og subsidierer resten av landet, heiter det i eit brev frå lokale bondelag og produsentlag på Jæren.

Her kan du lese artikkelen i Bondebladet:
http://www.bondebladet.no/rammebetingelser/2009/05/28/store-behov-for-investeringar-paa-mjoelkebruka-paa-jaeren.aspx

tirsdag 26. mai 2009

Pål Haugstad trekker seg som leiar i Bondelaget

På heimesida til Norges bondelag heiter det:

"Jeg var usikker på om jeg skulle fortsette som leder av Norges Bondelag allerede da jeg svarte valgkomiteen tidligere i vår. Men jeg tvilte meg fram til et ja på det tidspunktet. Tvilen har imidlertid tiltatt og jeg har i dag meddelt valgkomiteens leder, Alf Støfring, at jeg ikke ønsker gjenvalg, sier Pål Haugstad.
- Det er en interessant men krevende oppgave å være leder av Norges Bondelag. Skal en gjøre den jobben som kreves for å være leder i Norges Bondelag, er det ikke mulig å være i tvil om det er dette jeg vil jobbe med framover. Derfor har jeg i dag besluttet å trekke meg som Bondelagsleder, både av hensyn til meg sjøl og ikke minst av hensyn til Norges Bondelag, sier Pål Haugstad."

lørdag 16. mai 2009

Enighet om årets jordbruksavtale!

Etter eit døgn på overtid, er det nå einighet i årets jordbruksavtale. Ramma vart hevja med 220 mill kr der budsjettoverføringa vart styrka med 180 mill og uttak av målprisane vart auka med 40 mill i forhold til staten sitt tilbud. Det er mange år sidan at sjølve forhandlingsrunden har gitt ein auke i budsjettoverføringa på 180 mill kr. I fjor var det + 50 mill kr.

Avtaleramma vart i år på 1.2 milliardar kr der 200 mill er investeringspakken. Utvikling av gjødselprisen var eit sentralt punkt. Jordbruket rekna med 20 % reduksjon i prisen frå 2009 til 2010, staten la til grunn 30 % reduksjon og resultatet vart at ein har lagt til grunn 25 % reduksjon.

Bondelaget har ikkje fått gjennomslag for m.a.
Meir budsjettmidlar for å betra velferdsorn.
Ytterleg innføring av grunntilskot på korn
Fjerna botnfrådraget og auka kulturlandskapstillegget.
Ekstra fråtrekk for pensjonistar – kr 20.000 – vart fjerna.
Kravet om at medlemmer i samdrifter skulle kunna leiga kvote
Overgang frå kronetoll til prosenttoll for mjølk
Rekrutteringspakke for ungdom

Ut frå lovnaden i Soria Moria erklæringen er Sandnes Bondelag skuffa over kva regjeringen klarte å levere. Avtalen isolert sett er brukande, men det vert ikkje rom for å hente inn noko av det som landbruket allereie ligg etter andre grupper.

Her kan du rekne ut utslaget for ditt bruk:
http://www.bondelaget.no/jordbruksavtalen/utslaget-av-jordbruksavtalen-for-ditt-bruk-article41665-230.html

Her kan du lese heile sluttprotokollen:
http://www.regjeringen.no/upload/LMD/Vedlegg/Jordbruksoppgj_2009_Sluttprotokoll_endelig_180509.pdf

søndag 10. mai 2009

Sandnes Bondelag er skuffa over tilbudet frå Staten

Staten tilbyr 380 millioner i auka bevilgning over statsbudsjettet. Dette tilsvarer ein gjennomsnittleg auke på ca kr 8.000,- pr. bruk, dersom ein tek utgangspunkt i tal søkarar pr. 31.07.2008.

I pressemeldinga frå Landbruks- og matdepartementet heiter det at Staten tilbyr 950 millioner. Her ligg det inne auka bevilgning gjennom statsbudsjettet på 380 millioner, og i tillegg er det teke høgde for at gjødselprisen vert 30 % lågare (som utgjer 415 millioner), reduserte rentekostnader for landbruket (som utgjer 580 millioner), auka rasjonalisering i landbruket, generell kostnadsauke, samt ein ekstraordinær investeringspakke som eit eingongstiltak i 2009 (som utgjer 200 millioner).

Staten går ikkje inn for å gi ekstra til unge bønder slik jordbruket føreslår. Dei går heller ikkje inn for å få til ei ordning for bønder som tek over bruket og ikkje får noko overføringa før over eit år etter overtakelsen. Dei meiner at dette må vera eit forhold mellom selgjar og kjøpar av garden.

Staten går inn for å behalda dagens ordning framover. Dei går heller ikkje inn for at enkeltbruk i samdrifter skal få leiga kvote slik at samdrifta kan koma opp i 400.000 l kvote.

Mjølkeproduksjon i distikta og auka beiting vert mest prioritert.

Her kan du finne meir informajson om tilbodet:
http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/pressesenter/pressemeldinger/2009/jordbruksoppgjoret-staten-tilbyr-jordbru.html?id=560696

tirsdag 28. april 2009

Landbruket krever mulighet til inntektsauke på kr 15.700,- for 2010

Kravet frå landbruket til årets jordbruksforhandling er nå lagt fram. Landbruket krever muligheter som andre.

Det er NÅ Regjeringen har mulighetene til å oppfylle sine egne lovnader knyttet til inntektsutviklingen i landbruket vårt. Det er NÅ vi må benytte anledningen til ei inntektsutvikling minst som andre grupper samtidig som budsjettmidler bidrar til å sikre et livsviktig, levende landbruk over hele landet, sier Bondelagsleder og leder i Jordbrukets Forhandlingsutvalg, Pål Haugstad.

I kravet heiter det m.a. at enkeltbruk i samdrifter skal kunna leiga kvote opp mot kvote på 400.000 liter i samdrifta. Vidare kreves det at det etableres en ordning med et ekstra investeringstilskudd for brukere under 35 år på inntil 200.000 kroner innenfor bevilgningen til de fylkesvise BU-midlene.

Her kan du lese meir:
http://www.bondelaget.no/forsiden/jordbruksforhandlingene-boendene-krever-muligheter-som-andre-article47097-6.html

mandag 27. april 2009

tirsdag 21. april 2009

Aksjonsdag 21 april

Sandnes Bondelag deltok i dag på ein stor aksjon der heile 300 lokallag i Norges Bondelag deltok. 65.000 eksemplarer av avisa "Matnyttig" vart delt ut over hele landet. Styret i Sandnes Bondelag delte ut yoghurt og 200 eksemplar av avisa i Sandnes sentrum.
I tillegg hadde leiaren i Sandnes Bondelag møte med ordføraren, for å dele ut avisa samt ein brosjyre retta mot politikkarar.


Hovudpunkta for aksjonen var:

  • Å produsere mat er noko av det viktigaste eit land kan driva med. Me treng trygg mat og ikkje minst nok mat.

  • Me bønder har heile folket med oss i at det må satsast meir på matproduksjonen i Norge, jfr. holdningsundersøking som er lagt fram i dag samt tidlegare undersøkingar.

  • 50.000 bønder lagar det meste av maten for snart 5 millioner mennesker i Norge. Forbrukarane krever trygg, god mat basert på norske råvarer.

  • Gardsbruk over heile landet er grunnmuren i den norske matproduksjonen. Eit sterkt, sundt og godt landbruk over heile landet betyr også at me kan oppretthalde over 100.000 arbeidsplassar i jordbruk, skogbruk og landbruksindustri, at me har levande bygder og vitale lokalsamfunn frå Lidesnes til Nodkapp. Jordbruksoppgjeret hander om dette òg.

  • Befolkningsundersøkinga som vart lagt fram i dag stadfester at den breie folkelege støtta til norsk matproduksjon gjeld i alle velgergrupper, uansett parti.

onsdag 18. mars 2009

Plastinnsamling på Sviland lørdag 28. mars 2009

Fjellbygda 4H arrangerer innsamling av landbruksplast lørdag 28. mars kl. 10.00 -13.00, på parkeringsplassen ved Sviland samfunnshus.
Sorter plasten godt som vanlig. Retningslinjer for dette finner du på arkivbloggen vår.
4H frister oss også med kaffi og kaker og mulighet til trivelig drøs .

Møt opp og bli av med plasten, folkens!

søndag 15. mars 2009

Årsmøte i Rogaland bondelag

Det vert årsmøte i Rogaland bondelag i Haugesund fredag 20. mars og lørdag 21. mars.
Utsendingar frå Sandnes Bondelag er:
Morten Malmin
Sindre Årsvoll
Gunn Marit Svihus
Leiv Velle Åreskjold
Sven Martin Håland
Andreas Viste

Dersom nokon har viktige saker som me bør ta med oss til årsmøtet er det bare å ta kontakt.

onsdag 4. mars 2009

Alternativ til dynamitt demonstrert på Garpestad


Rogaland Bondelag i samarbeid med Norges Bondelag arrangerte demonstrasjon med Simplex utstyr for å sprekka fjell og stein hos Livar Nedrebø på Garpestad i Time 4. mars. Simplex er sprekkemiddel som kan vera alternativ til dynamitt. Me som møtte opp fekk ei orientering om systemet og sjå bruk av dette i praksis.
---
Ute på beitet var det bora hol i tre steinar.
Først fekk me sjå ein patron avfyrt oppå bakken - det var egentleg ein litt tam kinaputt - og så vart det lada i den minste steinen, anslått til ca. 3 kubikkmeter stor. Ladningen var ein patron på 75 gram. På ein avstand av 20 meter vart den avfyrt elektrisk og steinen delte seg fint i fleire store deler på plassen uten at det fauk særleg vekk.
Etterpå vart det kløyvt to større steinar med to og tre patroner i kvar.
----
Firmaet som stod for dette er Power Tools Norge ved Harald Jensen (også kjent som verdensmester i skeet, og OL-deltaker i samme idrett. Han er oppvaksen med kruttrøyk..)
Harald Jensen sa at reglane for bruk av sprekkemiddel er under omarbeiding.
---
Odd Magne Nordmark frå Bondevennen var med og noterte og me reknar med det kjem ein god reportasje i Bv om ikkje lenge. Det kjem truleg også meir på Rogaland Bondelag sine sider, Olav Sande og Svein Helge Harbo var med derfrå.

mandag 16. februar 2009

Uttale til jordbruksforhandlingane

Sandnes Bondelag har nå utarbeida og sendt vidare uttale til årets jordbruksforhandlingar. Hovudpunka i uttalen er:

Jordbruket bør styrkast betrakteleg, for å oppretthalde matproduksjonen i heile Norge. Dette må først å fremst hentast ut med auka tilskott med direkte inntektsverknad. Etter auka direkte tilskott bør investeringsverkemiddel prioriterast framfor velferd.

Elles er hovedpunkta:
  • behalde strukturinnretning på tilskott.
  • større tal dyr for å få tilskott (F.eks minimum 10 kyr for å få driftstilskott til mjølkeprod.)
  • prisnedskrivingstilskott for korn bør aukast for å sikre billigare kraftfôr.
  • fraktordningane bør styrkast for å sikre produksjon over heile landet.
  • avvikling av investeringstilskott gjennom Innovasjon Norge, og kun satse på rentestøtteordninga i større omfang enn i dag.
  • auka produksjon av norsk produserte økologiske varer, for i større grad å dekke marknaden og unngå import. Samstundes ser ein ikkje grunn til å stimulere til auka etterspurnad etter økologiske varer, og det er viktig å framheve konvensjonell norsk produsert mat, som ein like god vare som økologisk.
  • auka prisar på økologiske produkt, og dagen tilskott til økologisk bør oppretthaldast som i dag utan auke.
  • sentrale midlar som beitetilskott, areal og kulturlandskapstilskott bør prioriterast framfor RMP og SMIL midlar.
  • tilskott til miljøvennleg spreiing/bruk av husdyrgjødsel.

torsdag 5. februar 2009

Bondevorspiel igjen : Lørdag 21. februar !


Sett av lørdag 21. februar til ein tur på byen i Sandnes !

Sandnes Bondelag arrangerer vorspielet på Bøndenes Hus frå kl. 19.30 til ca. kl 23.00, og inviterer bønder, dei som kan tenka seg å bli bønder, og folk i landbruksmiljøet ellers..

  • Ikkje-medlemmer er også hjertelig velkomne !
  • Folk i landbruket utafor Sandnes også !
  • Me ordner pizza til vorspielet - drikkevarer må du ta med sjøl.
  • Etter vorspielet, ca. kl. 23.00, stikker me ut på byen i Sandnes.
  • Nedre aldersgrense 18 år. Ingen øvre :-)
  • Treng ikkje påmelding, det er bare å møta opp med godt humør ! Dette blir uhøytidelig !

For dei som bruker Facebook er vorspielet også omtalt her .

onsdag 4. februar 2009

Er det folk som har greie på garving her ?

Ei dame lurer på koss ein går fram for å preparere saueskinn. Dyra er altså flådde og skinna er strødde salt på, men så koss gjer ein vidare ?
Som den serviceinnstilte næringa me er gjer me alt for kundane. Har nokon greie på dette ?
Mail til leiv.velle.areskjold@hotmail.com eller tlf 90948002

Jord til leie i Kaliningrad

Jærbladet hadde 21. januar denne reportasjen om jord til leie i Kaliningrad.
På våre kantar er Martin Haarr engasjert i prosjektet. Han tar gjerne mot spørsmål. Mailadresse: martin alfakrøll landfiks.no

søndag 1. februar 2009

5 km grensa vert endra til 34 km

Alle ytringane frå bondelag og maskinforeningar har nådd fram! Formuleringa i brosjyren "Vis traffikkvett på traktoren" med ei avgrensing på kjøring med utstyr utover 5 km, vert ikkje gjeldane. I staden vert det ei avgrensing på 34 km.

Samferdselsministeren har bestemt at kortere avstand skal være 34 kilometer. Det tilsvarer den maksimale avstanden innanfor ei samdrift, som er to x 17 kilometer. Endringa gjeld frå nå av.

Bedre Gardsdrift erfarer at Navarsete også vil sette ner ei bredt sammansatt og hurtigarbeidande arbeidsgruppe som skal sjå på problematikken rundt forflytting og transport av breide reiskap. Gruppa får som oppgåve å finne meir fleksible løysingar der både trafikksikkerheit og landbrukets nye behov vert ivaretatt.
Arbeidsgruppa skal levere sin innstilling 1. juni. Målet er at et nytt og permanent regelverk skal gjelde frå 2010.

onsdag 28. januar 2009

Plastinnsamlingar på Malmheim i 2009

Viking 4-H skal arrangerer 3 plastinnsamlingar i 2009.

Datoer: 21.februar, 20.juni og 31. oktober.

Stad: Julebygda Grendehus

Tid: 10:00 - 13:00.

Meir info om krav til levering finn du her:
http://sandnesbondelagarkiv.blogspot.com/

mandag 19. januar 2009

Jordbruket i Sandnes

Generelt
Sandnes er blant dei største landbrukskommunane i Rogaland. Dei naturgjevne vilkåra for landbruk er varierande, og svært gode for store deler av kommunen. Etter norske forhold er jordsmonnet og verlaget svært godt for landbruket. Vekstsesongen er lang med nok varme og nedbør.

Det er i overkant av 950 landbrukseigedomar i kommunen. Om lag 350 av desse har eiga drift, dvs av eit slikt omfang at eitt eller fleire foretak på eigedomen mottek produksjonstilskot. Dei fleste av desse driftseiningane er på 100 - 300 dekar. Jordbruksarealet i drift er på rundt 76.000 dekar som utgjer ca 25 % av kommunen sitt landareal. Av jordbruksarealet er om lag 72000 dekar areal til slått og beite, 3000 dekar korn, 800 dekar til grønsaker og poteter, og 200 dekar til frukt og bær.

Statistikk av tal for Sandnes i % av Rogaland:

Dyr:
Mjølkekyr 9,4 %
Andre storfè 8,8 %
Avlspurker 5,5 %
Slaktegris * 6,2 %
Vinterfôra sau 6,4 %
Pelsdyr -mink * 18,1 %
Verpehøns 4,5 %

Økologisk:
Mjølkekyr 26,5 %
Andre Storfê 22,5 %

Areal:
Grovfôr 7,6 %
Korn 8,9 %
Potet 6,2 %

Tal er henta frå søknad om produksjonstilskott pr. 31.07.2008.
*Tal dyr pr. 01.01.2008.

Om landbruket i Sandnes:

Statistisk sentralbyrå

Statens landbruksforvaltning

søndag 18. januar 2009

Om Sandnes Bondelag

Høyland Bondelag vart stifta 21.01.1891. I 2006 vart navnet endra frå Høyland Bondelag til Sandnes Bondelag. Pr. 31.12.2008 har Sandnes Bondelag 464 medlemmer og er det nest største lokallet i Rogaland og eit av dei største lokallaga i Norges Bondelag.

Norges Bondelag er den største fagorganisasjonen for bønder i Norge, og har som mål å "samle alle som er, eller kjenner seg knyta til bondeyrket, fremme felles saker, trygge landbruket og ivareta bygdenes økonomiske, sosiale og kulturelle interesser." Me forhandler kvar år med Staten om bondens inntektsmoglegheiter. Bondelaget mottek ikkje statsstøtte, og er økonomisk og politisk uavhengig.

Norges Bondelag arbeidar for å betre vilkåra for landbruket og synliggjere landbrukets betydning for samfunnet. Bondelaget er partipolitisk uavhengig og den leiande organisasjonen for næringspolitikk og service i landbruket. Med 62.000 medlemmer, om lag 580 lokallag, 18 fylkeslag, gode politiske kontakter og høy fagleg kompetanse er me ein sterk organisasjon.

62.000 medlemmer i Norges Bondelag gir gode mangfoldige matopplevelser, skaper grobunn for levedyktige lokalsamfunn, gjer landet vakkert og fornyer verdiskapninga på gården.

torsdag 15. januar 2009

DAGSTUR MED BUSS 10. FEBRUAR

Årets dagstur er i samarbeid med Fjøssystemer AS på Nærbø, med 2 gardsbesøk for å sjå på nye driftsbygningar til mjølkekyr med spesielt fokus på kalvestell. Turen vert arrangert av Riska og Sandnes Bondelag.

Program:
· 09:30 Avreise frå Fatland, Hommersåk
· 10:00 Avreise frå MEGA, Brueland
· 10:30-11:00 Pressentasjon av Fjøssystemer.
· 11:00-11:30 Lunsj
· 11:30-12:45 Omvisning hjå Kurt Hobberstad
· 13:30-15:00 Gardsbesøk hjå GTI Samdrift DA v/ Tor Gunnar Østebø
· Ca kl 15:45 Tilbake på Fatland, Hommersåk

Pris kr 200,- inkl. buss og lunsj.

Påmelding innan 4. februar til : Morten Malmin tlf 916 38 719
eller
Sigmund Svendsen tlf 991 54 012

VELKOMMEN

Gjødslingsseminar

Mandag 2. februar kl 10:00-14:30 vert det arrangert seminar om gjødsling på Undheim Samfunnshus. Seminaret er åpent for alle.

Program:
10:00 Velkommen v/Olav Husveg
10:05 Miljøvennleg gjødselspreiingsprosjekt v/ Olaf Gjedrem
10:15 Situasjonen for mineralgjødsel, typer, tilgang og pris v/ Jens Randby, FK
10:45 Rett gjødsling v/ Rangvald Gramstad, Forsøksringen
11:30 Matøkt - Kjøttkaker og sviskegrøt
12:30 Eiga eller leiga gjødselutstyr v/Martin Svebestad, Klepp gardsrekneskapslag
13:00 Husdyrgjødsel, transport og økonomi v/ Jan Karsten Henriksen, Agder Forsøksring
13:20 Erfaringer ved leigekjøring spreiing av husdyrgjødsel v/Jakob Eskeland
13:45 Leigekjøring i kontainer og slangespreiing v/Torstein Sele og Jakob Eskeland. Info
om pris og tilbod til komande vekstsesong.
14:00 Samtale og oppsummering

Arrangør:
Forsøksringen på Jæren
Aksjon Jærvassdrag