onsdag 22. desember 2010

Det vert ikkje deling av Rogaland i to mjølkesoner

Reaksjonar frå bondelaga på Jæren førte fram, og styret i Rogaland Bondelag har nå endra synspunkt. Frå heimesida til Rogaland Bondelag kan me m.a. lesa:
"Styret i Rogaland Bondelag sitt forslag i uttalen sin til jordbruksforhandlingane våren 2010, om deling av fylket i to soner ang. mjølkekvoter, førde til ein del reaksjonar. Enkelte lag har støtta det, men andre distrikt har reagert heller kraftig. Fylkesstyret har brukt mykje tid på saka og drøfta ho på kvar einaste styremøte i haust. Fylkeslaget har og hatt møte med TINE Meieri Sør og hatt ho oppe på både distriktsmøta og på leiarmøtet i haust."

Heile artikkelen kan du lesa her.

0 kommentarer: